Hjem

Arabu om vinteren

 

Arabu høyrer til dei få stader som kan tilby eit nær uavgrensa område for turskiløyparar med heile Hardangervidda å ta av. Me har utvikla vårt eige løypenett som er kopla saman med resten av det omfattande løypenettet i Raulandsområdet. Ein må derfor bu lenge på Arabu før ein treng å gå same turen om att!

 

For alpinistar er det store tilbod i Rauland med Rauland Skisenter og Rauland Skisenter Vest som har velutvikla anlegg med heisar, trasear, skiskule m.m.

 

Få kilometer frå Arabu ligg også Vierli Vinterland som er eit eldorado både for små og store med kjelkebakkar,Swagpark mm.

 

Møsvatn er eit av dei mest populære fiskevatna i Norge. Isfiske på Møsvatn har lange tradisjonar. Under dei store pilkekonkurransene kan det vere tett med fiskarar i konkurranseområdet.

Vatnet har ei stor stamme av storaure og røye. Årleg blir det tatt opp om lag ti tonn fisk frå Møsvatn. Isen ligg til vanleg frå desember til mai.

Arabu om sommaren

 

Arabu er i fyrste rekke staden for alle som set pris på fjellet og vidda, på naturopplevingar og fysisk aktivitet i nærkontakt med uberørt natur. Hyttene ligg 200 m frå Møsvatn og det er båtar til utlån for roturar og fiske.

 

Fiskekort får dere kjøpt hjå hytteeigar.

 

Andre aktivitetar i ommrådet

  • Rjukan/Rauland:
  • Gaustatoppen
  • Industrearbeidermuseet på Vemork
  • Krossobanen
  • Strikkhopp
  • Hardangervidda Nasjonalparksenter - Møsvatn
  • Fjellvåken på Møsvatn
  • Dyre Vaa-samlingane
  • Myllarheimen, Arabygdi
  • Rideturar

Om hyttene

 

Sju hytter på 72m2, tre soverom,eitt med dobbeltseng,to med brei underkøye - i alt åtte senger.

 

Dusj, Wc, badstoge. Komfyr med steikeomn, kjøleskap m/liten fryser, kaffetrakter, micro, vannkoker, oppvaskmaskin.

 

Oppvarming i alle golv, og stoge med peisomn og TV. Trådlaust internett. Eloppvarming elles, vedskjul og uttak for motorvarmarar.

Copyright © All Rights Reserved